Skip to main content Skip to footer

Piano

Piano er eit instrument med mange ulike nytteområde; det kan vere solist, del av eit band eller nyttast til å akkompagnere songarar eller andre instrument. Sjølvsagt kan óg fleire spela på same piano samtidig! 
I Time kulturskule ynskjer me at elevane våre skal få høve til å prøve seg på fleire av desse områda.
Ein lærer noter i pianotimen, men óg akkordar (besifring). Det vert nytta ulike lærebøker.
Eleven må ha piano tilgjengeleg heime og sette av tid til øving kvar dag. 
Me ynskjer at elevane skal få tilbod om samspel i tillegg til individuell undervisning.
Elevane opptrer på ulike arrangement i regi av kulturskulen og deltek på speleoppdrag i nærmiljøet.
Ein kan søkje plass frå 3.trinn. Me har pianoundervisning på Bryne, Frøyland, Lye og Undheim.
 
 

Lærar

  • Kari Kaald Reiten
  • Øyvind Bøylestad
  • Arfon Owen
  • Elin Underhaug Kanu
  • Keith Rikard Paredes