Skip to main content Skip to footer

Musikk frå livets be

Time kulturskule ønskjer vaksne og barn velkomen til felles song, dans, spel og musikkleik. Tilbodet er særleg tilrettelagt for barn i alderen 0-3/4 år. Barna vert delt inn i grupper etter alder. Metode og opplegg følgjer barnets alder og utvikling.
Grupper for 0-1(1/2) år er på dagtid, mens større barn har samlingane sine på ettermiddag og kveld.
Kvart barn skal til ei kvar tid ha med seg ein vaksen omsorgsperson.
 
For daggruppene er det høve til sosialt samvær, amming, stell og "drøs"  etter samligane.Tilbodet er ope for deltakarar frå Time og Klepp
Time kulturskule samarbeider med Foreninga "Musikk fra livets begynnelse" for kvalitetssikring av opplegg og metode.

Målsetting med aktiviteten er:
- Skape eit trygt og levande musisk miljø der vaksne og barn får høve til å oppleve samvær og relasjonar gjennom aktiv bruk av song, spel, dans og musikkleik.
- Stimulere til auka bruk av song og musikk i det kvardagslege samværet mellom omsorgsgjevar og barn.
- Stimulere vaksne til å stole på eigen stemme og kropp som "god nok" musikkformidlar for sitt barn.
- Vidareføre og levendegjøre songskatten vår.
- Skape ein sosial og innhaldsrik møteplass for vaksne med omsorg for små barn.
- Nytte song og musikk for å utvikle gode vaksne-barn-relasjonar frå tidleg spedbarnsalder.
- Skape eit spennande og trygt rom for dei små barna til å utvikle sosial erfaring og kompetanse.
- Stimulere til å nytte dei iboande musiske ressursane i mennesket.
Velkommen til nye og gamle deltakarar!