Skip to main content Skip to footer

Vokalgruppe 4.-6.trinn

Songtilbod for barn frå heile kommunen, alder frå 2/3.trinn. Læring av elementær songteknikk med fokus på samvær og musikkglede. 
Me ønskjer nye elevar hjarteleg velkomen, me har plass til alle som ønskjer det. Du kan også starte midt i skuleåret.
Korgruppa har eit variert sangutval og set sanggleda høgt. Ekstra stas er det å opptre, gruppa er ofte med på konsertar.
Gruppa øver kvar måndag kl.18.15 - 19.00 i den store aulaen på Time kulturskule / Bryne skule. Korgruppa har dei siste åra deltatt som viktige aktørar i det årelege samarbeidsprosjektet "Jul i Skomakergata" og med profesjonelle rammer på scenen i Storstova i lag med operasonger Magnus Staveland og hans tre tenorar.  

Lærar

  • Torill Lode Bøylestad