Skip to main content Skip to footer

Fløyte

Elevar på fløyte har undervisning individuelt eller i gruppar på to eller tre dersom det er høve til det. Nokre gongar har vi fløytekor, det vil seie at vi speler mange fløyter ilag.
I tillegg til blåseteknikk lærar ein å nytte alle fingrane finmotorisk for å trylle fram flotte songar og melodiar. Ein kan spele all slags musikk på dette instrumentet, både aleine og i lag med andre.
 
LITT OM TVERRFLØYTA: Eit av dei aller eldste instrumenta som er funnet er ei fløyte laga av mammutbein. Denne vart funnet i ei hole i fjellet i Alpene og er omlag 30 000 år gammal. Sidan den gong har det vorte fleire og fleire ulike fløytar, du kjennar sikkert til både blokkfløyte og panfløyte. Det spesielle med tverrfløyta er at den blir haldt på tvers. Du lagar lyd ved å blåse luft i eit hol i enden på fløyta og lagar ulike tonar ved å trykke ned ulike klaffar. No til dags vert dei fleste fløytar laga av metall (som gull eller sølv) eller nikkellegering, men for nokre hundre år sidan vart den laga av tre. Difor høyrer fløyta til treblåsar familien, som du finn både i orkester og janitsjarkorps.

Ein kan søkje om plass frå 3.trinn.