Skip to main content Skip to footer

Kulturskulestipend 2024

Søknadsfrist 15.desember

Kulturskulestipendet deles ut av Time kulturskule og er gitt av Jæren Sparebank. Det delast ut 3 stipend à kr 10.000,- kvart år. Stipendet er for ungdom frå 8.trinn - 3.vgs-alder som er i kunstfagleg opplæring og har bustadadresse i Time kommune.
Søknad via eige skjema som sendast på mail til kulturskulen@time.kommune.no eller leverast fysisk til  kulturskulen/faglærar innan gitt frist 15.desember kvart år.
Søknad skal innehalde informasjon om aktivt kunstfagområde, kven søkjaren er og kva bakgrunn søkjar har innan faget det vert søkt stipend for - om korleis det er å vera i kunstfagleg opplæring - kva har søkjar lært gjennom undervisning, opptredenar og formidling - om kvifor det vert søkt om stipend og kva det eventuelt skal nyttast til.     

Stipendet tildelast etter gitte kriterie og gjennomført audition med kort samtaleintervju, januar månad kvart år.
Utdeling av stipend skjer på arrangement i den årlege kulturskuleveka kvart år, siste veke før vinterferien.

 

Tildelingsreglar

KULTURSKULESTIPEND FOR UNGDOM – 2024      JÆREN SPAREBANK - TIME KULTURSKULE 
 
Tildelingsreglar for kulturskulestipend gitt av Jæren Sparebank 
Stipendet skal motivera, skape engasjement, inspirere og gje påskjønning. 
 
Søknadsfrist 15.desember 2023, utdeling vår 2024 

Det vert delt ut 3 stipend a kr 10.000,- kvart år i ein 3-årig avtaleperiode (2024-2026). 
Stipendet skal motivere, skape engasjement, inspirere og gje påskjønning.  
Stipendet består av ein sjekk for utbetaling av stipend, eit diplom og eit kunstverk laga av den lokale kunstnaren Stine Rommetveit. 
Stipendet kan tildelast berre ein gong pr. søkjar. 
Stipendet er for ungdom i alderen frå og med 8.trinn på ungdomskule til og med siste år på vidaregåande skule.  
Tildeling skjer etter gjeldande kriteria og vurdering av mottatt søknad, kort intervju-samtale og audition/framsyning av arbeid. Audition er lagt til fredag 12. januar 2024 på ettermiddagstid, Store aula på kulturskulen.  
Bruk vedlagd søknadsskjema.  

Kriteria for tildeling 

  • Søkjar skal vera aktiv innan kunstfagleg opplæring og ha bustadadresse i Time kommune 

  • Søkjar skal vera / ha vore aktiv elev i Time kulturskule, eller skal vera / ha vore aktiv i eit av kommunen sine skulekorps 

  • Søkjar må kunne dokumentera at ho/han får undervisning i ein eller fleire av følgjande estetiske fagretningar; Musikk, Dans, Drama, Kunstfag, Skapande skriving. 
    Medlemskap i eit av kommunen sine skulekorps inngår som del av fagretning Musikk 

  • Fagretning skal spesifiserast i søknad 

  • Søkjar må ha ei positiv innstilling til å opptre/visa fram og dele med andre det ho/han har lært og kan meistre innan sitt fag 

 

  • Søkjar skal grunngje kvifor ho/han søkjer stipendet og ha tankar om kva det skal nyttast til, dette spesifiserast i søknad 

  • Søkjar som ev. ikkje kan møte på audition/samtaleintervju (grunngjeving: sjukdom/skade) blir bedt om å levere inn dokumentasjon på eige arbeid i form av lyd innspeling/foto/filmopptak. Det vert ev. invitert til ny oppmøtedato dersom det let seg gjere innan kort tidsfrist  Det er ønskjeleg med referanse frå eks. lærar eller dirigent. 
     

Tildeling 
Plangruppa i kulturskulen fungerer som tverrfagleg samansett fagjury for tildeling av stipend. 
Søkjar må oppfylle kriteria/krav som er nedfelt. Juryen følgjer dette i vurderingsarbeidet.  
Innsats, interesse og fagleg utøving er element som vert vurdert nøye ved tildeling. 
Det er ønskjeleg med referansar. 
Grunngjeving for å søkje stipendet og korleis det skal nyttast vert teke med i vurderinga. 
Utdeling av stipendet skjer i samband med eit av kulturskulen sine arrangement i vårsemesteret. Utdelingsarrangement er lagt til Vinterkonsert i Storstova tysdag 20.februar og er del av programmet for kulturskuleveka 2024. Stipendvinnarar bidreg med scenisk opptreden.    
 

Oppgåver for den som får tildelt stipend 
Den som får tildelt stipend, skal kunne stille med eit scenisk innslag på tildelingsarrangementet. Stipendvinnar skal på oppdrag frå Jæren sparebank kunne stille med sceneinnslag på arrangement i regi av bedrifta eller i regi av Time kulturskule/Time kommune.  
 
Søkjar nytter vedlagt søknadsskjema (eige dokument)   
Søknaden sendast innan gitt frist på mail til:  
kulturskulen@time.kommune.no  
Eller leverast eventuelt i papirformat til kulturskulen sin administrasjon.  

 
Bryne, november 2023
Jæren Sparebank og Time kulturskule