Fiolinelevar på UtB
UtB-Unge talenter Bjergsted
Vi gratulerer våre fiolinelevar, Seth William Stokka Rawe (14år) og Ena Laland Martin (12år), med tildelt plass i fordjupingsprogram for klassisk musikk, prosjekt UtB-Unge talenter Bjergsted 2023-2024.
UtB er eit regionalt fordjupingsprogram med tilbod innan både klassisk musikk og jazz. Tildeling av undervisningsplass skjer etter opptaksprøver. Tilbodet er støtta av nasjonale midlar og er eit samarbeid mellom Stavanger kulturskule og Universitetet i Stavanger, fakultet for utøvande kunstfag Bjergsted (Bilete frå Pixabay)