Kulturskuleveka 2026
Kulturskuleveka 2026 går av stabelen i veke 8. Elevane våre gjør seg klare til ei veke med mange store opplevingar for både elevar, lærare og publikum. Mange elevar skal opptre og vise fram det dei har jobba med, og andre skal delta på workshop og alternativ undervisning. For elevane våre er denne veka ein viktig anledning å jobbe fram mot. I tillegg er det ei god anledning for lærerane til å vise fram andre delar av faget som dei ikkje jobbar med i den ukentlege undervisninga. Me tjuvstarter veka med utdeling av kulturskulestipend søndag 15 feb, og fortset med mange forskjellige arrangement inn i veke 8. Sjå kalenderen på heimesida vår for info om dei ulike arrangement som er åpne for publikum. Me ser fram til ei fin veke, og ønskjer publikum hjarteleg velkommen til Time kulturskule.
About the author
Time Kulturskule