Skip to main content Skip to footer

10.trinn-prosjekt

Time kulturskule har kvart år eit stort prosjekt som gjeld alle elevane våre i 10.trinn. Prosjektet er ei stor forestilling, som elevane lagar sjølv saman med lærerane i kulturskulen. Forestillinga settast opp på kulturscena Storstova, og spelast heile 7 gongar for full sal. 

Elevane skriv manus og veljer songar i lag med lærarane. Det er elevane som har alle rollene, og spelar alle instrumentane. Dei syng, danser, spelar skodespel, og deltar i utforming av kostymer og kulissar. 

Kvart år er det ca 35-40 elevar som får denne opplevinga. Det er like kjekt kvart år å sjå meistring og glede over å skape noe flott saman med andre som vert vist fram for publikum. 

Elevane dette året øvar no intenst til premiære som er 26 mars. Då ventar fulle hus med forestilling både dag og kveld. Kveldsforestillinga kl 18:00 er åpen for publikum. Billetter via Storstova- klikk deg videre under.

About the author

Time Kulturskule