Kunstfag
KUNSTFAG
På kunstfag får elevane bruke og utvikle eigne kreative evner i lag med andre. Faget krev inga forkunnskap. Undervisninga gir grunnleggjande innføring i ulike teknikkar og stilartar. Det blir undervist i teikning, måling, grafikk, keramikk, skulptur m.m.
Time kulturskule har undervisningsgrupper frå alder 4. trinn til og med vidaregåande skule. Elevane er delt inn i grupper etter alder. Undervising etter skuletid i kulturskulen sine lokaler på Bryne skule.
Kunstfagelevane har ulike utstillingarenaer i kommunen, og faste semesterutstillingar på Bryne Mølle og deltek på tverrfaglege arrangement i Time kulturskule gjennom året.
Time kulturskule er med i «Atelier Ung», eit regionalt fordjupingsprogram. Les meir her:
Atelier ung
Atelier ung
Lærar
- Mara Sola