Skip to main content Skip to footer

Vinterkonsert med utdeling av kulturskulestipend

Søndag 15.februar kl 17:00 opnar vi årets Kulturskuleveke med arrangement i Sekkelageret på Bryne Mølle:

Vinterkonsert med utdeling av kulturskulestipend 2026 - gratis inngang

Arrangementet får ein to-delt form med konsertinnslag frå kulturskuleelevar som fyste del og utdeling av kulturskulestipend med kunstnariske innslag frå dei 4 stipendvinnarane som siste del. 
3 stipend er gitt av Jæren Sparebank
1 stipend er gitt av privat gjevar.
Vara-ordførar og representant frå Jæren sparebank deltek på utdelingsarrangementet. 

Her er dei 4 verdige vinnarane som får utdelt Kulturskulestipend 2026:

  • Ena Laland Martin - kategori musikk, fiolin
  • Johannes Høie Hetland - kategori musikk, piano
  • Thea Natalie Aasgård - kategori musikk, song
  • Linde Sjølyst-Kverneland - kategori kunstfag