Skip to main content Skip to footer

Kulturskuleveka 2026

Kulturskulen arrangerer si tradisjonelle kulturskuleveke i veke 8 2026 (15.-20.februar). Elevar og lærarar løyser opp den faste undervisninga og timeplan denne veka. som erstatning for ordinær undervisningstime deltek elevane i ulike workshops, på konsertar og arrangement.
Gjennom alternativt undervinsingsopplegg får elevane eit innblikk i nye metodar og varierte arbeidsformer, og dei får møte andre kulturskuleelevar. Dei får trening i å opptre på ulike konsertarenaer der både lokalbefolkninga og venner/familie blir invitert. I år startar kulturskuleveka med Vinterkonsert og utdeling av 4 kulturskulestipend på Bryne Mølle søndag 15.februar kl. 17:00. Dagane etter det er det mykje program med ulike arrangement og aktivitetar. Alle elevar får informasjon av sine faglærarar om kva dei skal delta på, kor dei skal møte m.m. Me gler oss til ei kjekk veke i lag med elevar og publikum.