2 nominerte til Drømmestipend 2026
Nominasjon av 2 dyktige unge utøvande kunstnarar, med dessverre ikkje tildelt stipend 2026
Time kommune i Rogaland har nominert 2 unge utøvande kunstnarar til Drømmestipendet 2026. Det er Time kulturskule som er nominasjons-jury og godkjenner innkomne søknadar til vidare behandling av ein nasjonal kunstnarisk jury.
Drømmestipendet delast ut kvart år til 50 unge lovande kunstnarar innanfor ulike fagdisiplinar.
Time kommune har i mange år hatt stipendvinnarar som har nådd opp og dei har fått påskjønning både frå nasjonalt hald, frå kommunen sin ordførar, frå kulturskulen og det lokale kunst- og kulturmiljøet i Time.
Stipendet delast ut via etablert samarbeid mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk tipping.
Følgjande vart i haust nominert frå Time kommune til Drømmestipend 2026:
Kategori Drama/Teater: Maria Lura Skrudland
Kategori Skapande skriving: Victoria Haugand
Publisering av nasjonale vinnarar pr 1.februar 2026:
Dei to unge kunstnarane frå Time nådde ikkje opp i den nasjonale juryen si vurdering og er dessverre ikkje tildelt stipend.
De kan lese meir om den enkelte kandidat som vart nominerte frå Time kommune - og i tillegg sjå kven som fekk tildeling av Drømmestipend på landsbasis 2026 via denne linken www.drommestipendet.no