Skip to main content Skip to footer

Kulturstipend Time kommune

Time kommune delar ut Kulturstipend kvart år. No er det mogleg å søke. Søknadsfristen er 27. august.  
Formål
Kulturstipendet skal stimulera unge talent innan kunst og kultur til vidareutvikling.
Kven kan få kulturstipendet
Kulturstipendet kan ein gje til unge kunst- og kulturutøvarar innan alle kultursjangre som gjennom studie eller arbeid tek aktivt del i  kulturlivet og som ønskjer utvikling innan sitt fagområde.
Kandidatar til kulturstipendet
Kulturstipendet kan søkjast av personar mellom 18-28 år som bur, jobbar eller er frå Time og som ikkje har motteke kulturstipendet tidlegare.
Kulturstipendet kan kunn søkjast i eige namn.
Kulturstipendet
Kulturstipendet består av eit diplom og kr 25 000.
Avgjerd og utdeling
Utval for levekår avgjer kven som frå kulturstipendet.
Time kulturråd skal ha høve til å uttala seg i forkant av Levekår si behandling av saka.
Stipendet blir delt ut av ordføraren kvart år.

About the author

Time Kulturskule