Skip to main content Skip to footer

Søk kulturskulestipend

No kan du søke kulturskulestipendet i Time kulturskule.
Det delast ut 3 stipend à kr 10.000,- kvart år gitt av Jæren Sparebank.
I 2026 er det 1 ekstra stipend gitt av privat gjevar. I 2026 er det derfor totalt 4 stipend a kr 10.000,-.
Dei same tildelingsreglane gjeld for alle.  

Stipendet er for ungdom frå 8.trinn - 3.vgs-alder som er i kunstfagleg opplæring og har bustadadresse i Time kommune.
Stipendsøkjarane må ha vore aktive/ eller vera aktive elevar i Time kulturskule eller i eitt av kommunen sine skulekorps. 

Søknadskjema finn dykk nederst på denne sida. Det er eigne kriterie for tildeling av stipend. Time kulturskule si plangruppe er fungerande jury (lærarar og adm. som representantar ulike fagområde). 

Søknad skal innehalde informasjon om aktivt kunstfagområde, kven søkjaren er og kva bakgrunn søkjar har innan faget det vert søkt stipend for - om korleis det er å vera i kunstfagleg opplæring - kva har søkjar lært gjennom undervisning, opptredenar og formidling - om kvifor det vert søkt om stipend og kva det eventuelt skal nyttast til.     

Stipendet tildelast etter gitte kriterie og gjennomført audition med kort samtaleintervju, januar månad kvart år.
Utdeling av stipend skjer på arrangement i den årlege kulturskuleveka kvart år, siste veke før vinterferien.

 

Tildelingsreglar

Formål
Formålet
 med kulturskulestipendet er å motivera, skape engasjement, inspirere og gje påskjønning. 

Frist
Søknadsfrist: 15.desember 2025.

Når
Stipenda delast ut Søndag 15 feb 2026 kl. 17:00 i Sekkelageret, Bryne Mølle. 

Kor mange stipend?
Det vert delt ut 4 stipend (Jæren sparebank gir 3 stipend, 1 ekstra stipend gitt av privat givar).

Kor mykje er kvart stipend?
Kvart stipend er på kr. 10.000,-

Stipendvinnaren får i tillegg eit diplom og eit kunstverk laga av den lokale kunstnaren Stine Rommetveit. 

Hvem kan søkje?
Stipendet er for kulturskuleelevar i alderen frå og med 8.trinn på ungdomskule til og med siste år på vidaregåande skule.

Generelt
Stipendet kan tildelast berre ein gong pr. søkjar. 
Tildeling skjer etter gjeldande kriteria og vurdering av mottatt søknad, kort intervju-samtale og audition/framsyning av arbeid.

Når er audition?
Audition er fredag 16. januar 2026 på ettermiddagstid, store aula på kulturskulen.
 

Hva er kriteria for tildeling? 

  • Søkjar skal vera aktiv innan kunstfagleg opplæring og ha bustadadresse i Time kommune. 

  • Søkjar skal vera / ha vore aktiv elev i Time kulturskule, eller skal vera / ha vore aktiv i eit av kommunen sine skulekorps.

  • Søkjar må kunne dokumentera at ho/han får undervisning i ein eller fleire av følgjande estetiske fagretningar; Musikk, Dans, Drama, Kunstfag, Skapande skriving. 
    Medlemskap i eit av kommunen sine skulekorps inngår som del av fagretning Musikk. 

  • Fagretning skal spesifiserast i søknad.

  • Søkjar må ha ei positiv innstilling til å opptre/visa fram og dele med andre det ho/han har lært og kan meistre innan sitt fag.

  • Søkjar skal grunngje kvifor ho/han søkjer stipendet og ha tankar om kva det skal nyttast til. Dette spesifiserast i søknad.

  • Søkjar som ev. ikkje kan møte på audition/samtaleintervju (grunngjeving: sjukdom/skade) blir bedt om å levere inn dokumentasjon på eige arbeid i form av lyd innspeling/foto/filmopptak. Det vert ev. invitert til ny oppmøtedato dersom det let seg gjere innan kort tidsfrist  Det er ønskjeleg med referanse frå eks. lærar eller dirigent. 
     

Tildeling 
Plangruppa i kulturskulen fungerer som tverrfagleg samansett fagjury for tildeling av stipend. 
Søkjar må oppfylle kriteria/krav som er nedfelt. Juryen følgjer dette i vurderingsarbeidet.  
Innsats, interesse og fagleg utøving er element som vert vurdert nøye ved tildeling. 
Det er ønskjeleg med referansar. 
Grunngjeving for å søkje stipendet og korleis det skal nyttast vert teke med i vurderinga. 
Utdeling av stipendet skjer i samband med eit av kulturskulen sine arrangement i vårsemesteret. Utdelingsarrangement er Søndag 15. februar og er del av programmet for kulturskuleveka 2026. Stipendvinnarar bidreg med scenisk opptreden.    
 

Oppgåver for den som får tildelt stipend 
Den som får tildelt stipend, skal kunne stille med eit scenisk innslag på tildelingsarrangementet. 
Stipendvinnar skal på oppdrag frå Jæren sparebank kunne stille med sceneinnslag på arrangement i regi av bedrifta eller i regi av Time kulturskule/Time kommune.  

Søknad
Søkjar nytter søknadsskjema på kulturskulens nettside.   


Bryne, september 2025
Jæren Sparebank og Time kulturskule 

 
                                                                                                             

 

About the author

Time Kulturskule