Kulturskulestipend 2026 - audition/intervju og tildeling
Søknadsfrist for kulturskulestipend 2026 gjekk ut den 15.desember 2025. Det er registrert 17 søknadar.
Det skal delast ut 4 stipend à kr 10.000,- (3 stk Jæren Sparebank, 1 stk privat gjevar)
Stipendet er for ungdom i alder frå 8.trinn til og med 3.vgs som er i kunstfagleg opplæring og har bustadadresse i Time kommune.
Stipendsøkjar må ha vore aktiv/vera aktiv elev i Time kulturskule eller i eitt av kommunen sine skulekorps.
Time kulturskule si plangruppe er fungerande jury (lærarar og adm. som representerar ulike fagområde).
Søknad skal innehalde informasjon om aktivt kunstfagområde, kven søkjaren er og kva bakgrunn søkjar har innan faget det vert søkt stipend for - om korleis det er å vera i kunstfagleg opplæring - kva søkjar har lært gjennom undervisning, opptredenar og formidling - om kvifor det vert søkt om stipend og kva det eventuelt skal nyttast til.
Stipendet tildelast etter gjennomført audition med kort samtaleintervju og etter gitte kriterie.
Audition og kort samtaleintervju:
Fredag 16.januar 2026 etter tildelt timeplan for den enkelte søkjar i tidsrommet kl 15.00- 20.00
Utdeling av stipend skjer på ope arrangement Bryne Mølle søndag 15.februar kl 17.00 (2026)
Tildelingsreglar
Formål
Formålet med kulturskulestipendet er å motivera, skape engasjement, inspirere og gje påskjønning.
Frist
Søknadsfrist: 15.desember 2025.
Når
Stipenda delast ut Søndag 15 feb 2026 kl. 17:00 i Sekkelageret, Bryne Mølle.
Kor mange stipend?
Det vert delt ut 4 stipend (Jæren sparebank gir 3 stipend, 1 ekstra stipend gitt av privat givar).
Kor mykje er kvart stipend?
Kvart stipend er på kr. 10.000,-
Stipendvinnaren får i tillegg eit diplom og eit kunstverk laga av den lokale kunstnaren Stine Rommetveit.
Hvem kan søkje?
Stipendet er for kulturskuleelevar i alderen frå og med 8.trinn på ungdomskule til og med siste år på vidaregåande skule.
Generelt
Stipendet kan tildelast berre ein gong pr. søkjar.
Tildeling skjer etter gjeldande kriteria og vurdering av mottatt søknad, kort intervju-samtale og audition/framsyning av arbeid.
Når er audition?
Audition er fredag 16. januar 2026 på ettermiddagstid, store aula på kulturskulen.
Hva er kriteria for tildeling?
-
Søkjar skal vera aktiv innan kunstfagleg opplæring og ha bustadadresse i Time kommune.
-
Søkjar skal vera / ha vore aktiv elev i Time kulturskule, eller skal vera / ha vore aktiv i eit av kommunen sine skulekorps.
-
Søkjar må kunne dokumentera at ho/han får undervisning i ein eller fleire av følgjande estetiske fagretningar; Musikk, Dans, Drama, Kunstfag, Skapande skriving.
Medlemskap i eit av kommunen sine skulekorps inngår som del av fagretning Musikk. -
Fagretning skal spesifiserast i søknad.
-
Søkjar må ha ei positiv innstilling til å opptre/visa fram og dele med andre det ho/han har lært og kan meistre innan sitt fag.
-
Søkjar skal grunngje kvifor ho/han søkjer stipendet og ha tankar om kva det skal nyttast til. Dette spesifiserast i søknad.
-
Søkjar som ev. ikkje kan møte på audition/samtaleintervju (grunngjeving: sjukdom/skade) blir bedt om å levere inn dokumentasjon på eige arbeid i form av lyd innspeling/foto/filmopptak. Det vert ev. invitert til ny oppmøtedato dersom det let seg gjere innan kort tidsfrist Det er ønskjeleg med referanse frå eks. lærar eller dirigent.
Tildeling
Plangruppa i kulturskulen fungerer som tverrfagleg samansett fagjury for tildeling av stipend.
Søkjar må oppfylle kriteria/krav som er nedfelt. Juryen følgjer dette i vurderingsarbeidet.
Innsats, interesse og fagleg utøving er element som vert vurdert nøye ved tildeling.
Det er ønskjeleg med referansar.
Grunngjeving for å søkje stipendet og korleis det skal nyttast vert teke med i vurderinga.
Utdeling av stipendet skjer i samband med eit av kulturskulen sine arrangement i vårsemesteret. Utdelingsarrangement er Søndag 15. februar og er del av programmet for kulturskuleveka 2026. Stipendvinnarar bidreg med scenisk opptreden.
Oppgåver for den som får tildelt stipend
Den som får tildelt stipend, skal kunne stille med eit scenisk innslag på tildelingsarrangementet.
Stipendvinnar skal på oppdrag frå Jæren sparebank kunne stille med sceneinnslag på arrangement i regi av bedrifta eller i regi av Time kulturskule/Time kommune.
Søknad
Søkjar nytter søknadsskjema på kulturskulens nettside.
Bryne, september 2025
Jæren Sparebank og Time kulturskule
About the author
Time Kulturskule