Fredagsskulen Jæren
Kva:
Ny sesong med forjupingsprogrammet "Fredagsskule Jæren" startar opp frå og med fredag 16.oktober - eit tilbod til kulturskuleelevar som ønskjer å utvikle seg vidare innan musikk (vokal/instrumentalopplæring), dans, drama og kunstfag.
Fordjupingsprogrammet har opptak av elevar med særleg interesse og føresetnad for faget. Undervisningstilbodet gir høve til å lære meir og å bruke meir tid til å fordjupe seg i kulturskulefaget.
Mål:
Målet med undervisningsprogrammet er at du skal få inspirasjon og moglegheit til fagleg fordjuping, utvikling og ekstra innsats. På Fredagsskulen Jæren møter du andre ungdomar som vil lære meir innan sitt kunstnariske fagområde. Du får undervisning av godt kvalifiserte lærarar. I tillegg til fordjuping i fagleg aktivitet, legg vi vekt på å skape eit triveleg sosialt fellesskap og vi har enkel matservering i pausane.
Innhald:
Fordjuping innan teknikk, teori, ulike stilartar, formidling og utøving av faget. Undervisning og rettleiing er tilpassa den enkelte elev og organisert individuelt og i grupper.
Alder:
Tilbodet er for deg som er i alder frå 7.trinn til og med 3.trinn på vidaregåande og som er elev i Hå, Klepp eller Time kulturskule. Kunst- og kulturfagleg vennskap og kjennskap på tvers av Jær-kommunane.
Krav:
Krav til elevar som deltek: Du må ha ekstra interesse og føresetnad for å arbeide i djubda med faget ditt.
Du må ha god eigeninnsats både på timane og i tida mellom samlingane.
Obligatorisk oppmøte etter gitt plan.
Kostnad:
Kr 600,-
Dette er for å dekke kostnadar til mat. Oppgjer skjer via kvar kulturskule.
Søknadsfrist: 1.september 2026
Samlingar:
Forpliktande obligatorisk oppmøte på alle dei oppgitte datoane:
| 16. oktober 2026 | 8. januar 2027 |
| 23. oktober 2026 | 22. januar 2027 |
| 6. november 2026 | 5.februar 2027 |
| 20. november 2026 | 26.februar 2027 |
| 27. november 2026 | (ikke bekreftet) 27 februar 2027 Avslutning med arrangement |
Stad for undervisning: Time kulturskule/samlokalisert med Bryne skule, Ola Barkveds veg 16
Fast klokkeslett for samlingane: Kl. 15.15 – 17.45 (Unntak avslutningsarrangement med utvida tidsrame)
About the author
Time Kulturskule