Fredagsskulen åpen for søknad
Kva:
Fredagsskulen Jæren er eit tilbod til kulturskuleelevar som ønskjer å utvikle seg vidare innan musikk (vokal/instrumentalopplæring), dans, drama og kunstfag.
Fordjupingsprogrammet har opptak av elevar med særleg interesse og føresetnad for faget.
Mål:
Målet med undervisningsprogrammet er at du skal få inspirasjon og moglegheit til fagleg fordjuping, utvikling og ekstra innsats. På Fredagsskulen Jæren møter du andre ungdomar som vil lære meir innan sitt kunstnariske fagområde. Du får undervisning av godt kvalifiserte lærarar. I tillegg til fordjuping i fagleg aktivitet, legg vi vekt på å skape eit triveleg sosialt fellesskap og vi har enkel matservering i pausane.
Innhald:
Fordjuping innan teknikk, teori, ulike stilartar, formidling og utøving av faget. Undervisning og rettleiing er tilpassa den enkelte elev og organisert individuelt og i grupper.
Alder:
Tilbodet er for deg som er i alder frå 7.trinn til og med 3.trinn på vidaregåande og som er elev i Hå, Klepp eller Time kulturskule.
Krav:
Krav til elevar som deltek: Du må ha ekstra interesse og føresetnad for å arbeide i djubda med faget ditt. Du må ha god eigeninnsats både på timane og i tida mellom samlingane.
Kostnad:
Kr 600,-
Dette er for å dekke kostnadar til mat. Oppgjer skjer via kvar kulturskule.
Søknadsfrist: 4.juni 2025
Samlingar:
Forpliktande obligatorisk oppmøte på alle dei oppgitte datoane:
12. september 2025 | 9. januar 2026 |
26. september 2025 | 6. februar 2026 |
17. oktober 2025 | 6. mars 2026 |
7. november 2025 | 10. april 2026 |
28. november 2025 | 24. april 2026 Avslutning med arrangement |
Stad for undervisning: Time kulturskule/samlokalisert med Bryne skule, Ola Barkveds veg 16
Fast klokkeslett for samlingane: Kl. 15.00 – 17.30 (Unntak avslutningsarrangement)
About the author
Time Kulturskule